hydrogen meråker

Hydrogenproduksjon på Meråker kan utløyse hydrogenmarknad i Norge og Sverige

hydrogen meråker

 

Studie frå Greensight viser at det er mogleg å oppretta verdikjeder for hydrogen i Sverige og Norge basert på konkurransedyktig hydrogen frå Meråker kommune i Trøndelag.

Moglegheitstudien er gjennomført på oppdrag frå Meråker Næringspark og andre lokale samarbeidsaktørar. Den aktuelle lokaliteten er Elkem si gamle smelteverkstomt på Kopperå, som næringsparken no disponerer. Tomta er stor, har all nødvendig infrastruktur lett tilgjengeleg, og det er gjennom studien ikkje identifisert spesielle sikkerheitsutfordringar mtp. hydrogenproduksjon på denne tomta. Gjennom Meråker kommune går både E14 og Meråkerbanen mellom Trondheim og Östersund. Jernbana passerer like inntil næringstomta på Kopperå, og hadde tidlegare sidespor inn på smelteverksområdet.

hydrogen produksjon meråker Mons Ole Sellevold

Mons Ole Sellevold fra Greensight presenterer moglegheitstudien for kommunestyret i Meråker, januar 2020.

Kraftoverskudd

Meråker kommune har eit betydeleg kraftoverskudd frå den store vasskraftproduksjonen i kommunen. Dette gjorde seg særleg gjeldande etter at smelteverket på Kopperå blei lagt ned i 2006. Krafta blir derfor i dag heller eksportert til resten av Trøndelag, men på grunn av begrensningar i overførings- og innmatingskapasitet i linjenettet går noko av denne krafta tapt, både som flaumtap og overføringstap. Det er derfor av lokal og samfunnsøkonomisk interesse å finna andre lokale brukarar av denne «innestengde» krafta, og det opnar potensielt for gunstige kraftprisavtalar.

Men det er ikkje nok med god infrastruktur og tilgang på billeg kraft, ein treng òg ein marknad med sluttbrukarar av hydrogen, og helst éin større avtakar som står for størstedelen av forbruket, for å sikra forutsigbarheit.

Konkurransedyktig hydrogen

For å klara å produsera konkurransedyktig hydrogen på Kopperå har Greensight sine analysar (pre korona) vist at det bør etablerast ein produksjonskapasitet på minimum 4 – 5 tonn/døgn (~10 MW). Eit ev. lokalt H2-forbruk i Meråker vil aldri kunna bli så stort. Greensight har derfor gjennomført ein grundig studie av det potensielle H2-forbruket i heile «nedslagsfeltet» til Meråker. Dette inkluderer naturleg nok store delar av Trøndelag, men sidan Meråker ligg like ved svenskegrensa har me òg sett på marknadspotensialet på svensk side, i Jämtland. Og det er nettopp dette som viser seg å kunna bli det store konkurransefortrinnet til eit produksjonsanlegg i Meråker.

Hurtigbåtar kan sikra større hydrogenmarknad i Trøndelag

På norsk side er det særleg Trøndelag fylkeskommune sine planar om utsleppsfrie hurtigbåtar som peikar seg ut som den største og mest aktuelle framtidige enkeltbrukaren av hydrogen. Her er behovet estimert til inntil 4 tonn/dag. Andre aktuelle aktørar på norsk side er sjølvsagt landtransportsektoren (både privat, kollektiv og næring), tog (Trønder- og Nordlandsbanen), havbruksnæringa m.fl. Dei sistnemnde aktørane representerer samla sett eit stort H2-volum, men består derimot av mange små enkeltforbrukarar som gir relativt liten forutsigbarheit, og mindre moglegheit for større enkeltleveransekontraktar. Desse bør derfor heller sjåast på som ei potensiell oppside som kan gi eit meirsal i ein sekundær marknad, då marginalkostnadane ved å auka H2-produksjonen er liten når anlegget først er på plass.

Norsk hydrogen og laks på Inlandsbanan?

Det kanskje mest interessante potensialet er likevel levering til svensk side. I Jämtland er det stor interesse for hydrogen, og det er spesielt eitt konkret prosjekt som peiker seg ut. Gjennom heile innlands-Sverige går Inlandsbanan. Denne er lite brukt i dag, men det er eit stort behov for å auka godstrafikken (malm, stål, tømmer og norsk laks) på denne bana i åra som kjem. Strekninga er ikkje elektrifisert, og det er av baneeigar vurdert å vera for dyrt og tidkrevjande å etablera elektrifisering. Det er i tillegg uttalt at tradisjonell dieseldrift ikkje vil bli aktuelt/akseptert, av klimaomsyn. Baneeigar vurderer derfor hydrogen som framtidig føretrekt drivstoff på banestrekninga, og estimerer eit potensielt døgnforbruk på 15 tonn H2. Inlandsbanan passerer gjennom Östersund, som igjen ligg 180 km (2,5 h) langs Meråkerbanen frå Kopperå. Dette stiller Kopperå i ein god posisjon som framtidig leverandør av hydrogen, på jernbane, til Inlandsbanan.

For å kunna realisera eit større produksjonsanlegg på Kopperå er det nødvendig med forutsigbarheit i kraftleveranse og kraftpris, samt langsiktig leveringsavtale med ein eller fleire større avtakarar. Det ligg òg eit stort potensiale for levering til mindre aktørar i ein sekundærmarknad.

Treng du hjelp til å evaluere og sette i gang hydrogenprosjekt? Greensight har lang erfaring med å jobbe med heile verdikjeden – frå kraftproduksjon til sluttbrukar og kan gi råd om forretningsmodellar og strategi. Kontakt: greensight@greensight.no

Meld deg på nyheitsbrevet vårt HER.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *