Nullutsleppsteknologi i transportsektoren kan spare samfunnet for milliardar

Kor mykje kostar det eigentleg det norske samfunnet å gå over frå dagens fossilbaserte transportsektor til framtidas klimavenlege transportsektor?

Det viser seg at dette faktisk er ei investering som det norske samfunnet tener på på lang sikt. Det er grunna skadeomfanget utsleppa frå transportsektoren i dag medfører.

Sosiale karbonkostnader

Ein god måte å måle dette skadeomfanget på er «social costs of carbon.» Denne fortel kor mykje det kostar samfunnet å sleppe ut eitt til tonn karbon, metan eller ein annan klimagass.

Grunnen til at det kostar noko i det heile er fordi klimagassane fører til dårlegare luftkvalitet, som betyr at spesielt dei som bur i byar får ei dårlegare helse. Dei fører også til forsuring av havet, som gir dårlegare levekår for fisk og drep korallreva. I tillegg fører dei sjølvsagt også til ei auka global oppvarming, som leder til stigning av havnivået og villare vér

Lokale følger av klimagassutslepp ser ein meget lett i land som Kina, der millionar pustar inn forureina luft som gir store helsemessige konsekvensar. Også i Europa har vi begynt å merke liknande problem i seinare tid, som Paris i desember 2016

Kostnaden desse skadene frå klimagassutslepp medfører er forsøkt estimert av mange kjelder. Estimata varierer stort, men FN sitt klimapanel har kome fram til ein «best guess» kostnad for CO2-utslepp på i underkant av 1 kr/kg CO2. For å estimere lønnsomheita av å investere i overgangen til nullutsleppsamfunnet, må ein ha eit referansepunkt. Så kva kostar det viss ein ikkje investerer i nullutsleppsteknologi?

Milliardsummar

Frå i dag til 2050, hevdar Transportøkonomisk institutt at talet på passasjerbilar auker frå 2,65 til 3,76 millionar bilar viss ein følger trendbanen. Dersom alle desse bilane nyttar fossilt drivstoff og samfunnet betaler 1 kr/kg CO2 dei slepp ut, vil det koste samfunnet 142 milliardar kroner at desse bilane køyrer på norske vegar. Desse kostnadene er ei grov tilnærming basert på SSB sine tal på gjennomsnittleg km køyrd per bil og utslepp per km, reduksjon i utslepp grunna teknologiutvikling og TØI sine tal for bestandsutvkling. Alt for både diesel- og bensinbilar. Ved dei same berekningane for varebilar, tungtransport og bussar også, kjem ein opp i 270 milliardar.

Kva er så kostnaden, i same tidsperiode, ved investering i overgangen til nullutsleppsamfunnet?

Regjeringa har signalisert at kjøp av elbilar er friteke eingongsavgifta fram til og med 2020. For hydrogenbilar gjeld dette til 2025 eller til ein har ein bestand på 50 000 einingar. Desse kostnadene kjem tidleg i perioden, og dei er store for staten. Staten sine utgifter ved utbygging av lade- og hydrogenfyllestasjonar er relativt små, og dei kjem seinare i perioden. TØI hevdar at talet på elbilar aukar til 380 000 i 2020. Basert på vidare bestands- og teknologiutvikling ender ein opp med kostnader på mellom 14,5 og 27,5 milliardar for elbilar og mellom 3 og 9 milliardar for hydrogenbilar fram mot 2050. For heile bilparken er det snakk om mellom 18 og 32 milliardar for elektriske køyretøy og mellom 6 og 41 milliardar for hydrogenkøyretøy.

Vert lønnsomt mellom 2029 og 2039

Sjølv om ein investerer i nullutsleppsamfunnet, tek det framleis lang tid å erstatte dei fossile bilane ein har. Ein sparer altså ikkje oppmot 200 milliardar på overgangen til nullutsleppsamfunnet. Men, investeringa i nullutsleppskøyretøy reduserer norske utslepp med 12 million tonn CO2 i 2050, når ein tek med bestandsauken, og sparer dermed Noreg for oppmot 77 milliardar kroner.

Nøyaktig kor lønnsomt investering i overgangen til nullutsleppsteknologi i heile transportsektoren er, er avhengig av mange variablar. Mine estimat tilseier at verdien av investeringa gjort ligg i dag på ein plass mellom 31,9 og 76,5 milliardar kroner, og at den først er lønnsom ein plass mellom år 2029 og 2039.

Som tidlegare nemnd, er dei største kostnadsdrivarane støtte til kjøp av el- og hydrogenbilar. Elbilar vert estimert av TØI til å ta mykje av marknaden, og sidan dei ikkje får støtte etter 2020, kan ein sjå ein markant endring i nåverdiutvikling i 2020-2021. Hydrogenkøyrety hevdar TØI ikkje tek ein særleg stor del av marknaden før etter 2025. Dette, samt at dei i mine berekningar er gitt støtte fram til ein bestand på 50 000 einingar, medfører endringa ein ser frå 2025-2026. Etter dette er investeringsnivået relativt lågt, samtidig som reduksjonen i utslepp i forhold til alternativet medfører så mykje innsparing at det norske samfunnet begynner å tene pengar på investeringa mellom 2029 og 2038.

Treng heilskapleg perspektiv

Når nullutsleppskøyretøy vert diskutert, vert ein som oftast gitt inntrykk av at subsidiane til desse er reine utgiftspostar. Realiteten ser ut til å vere at subsidiane er meget kloke investeringer som på lang sikt vil spare det norske samfunnet for mykje pengar fordi Ola Nordmann ender opp med vesentleg betre helse.

Det eg ønsker å synleggjere her er viktigheita av å tenke langsiktig, investere for framtida og, når ein tek beslutningar, viktigheita av å sjå på alle sidene av saken. I dagens diskusjon rundt overgangen til nullutsleppsamfunnet saknar eg det heilheitlege perspektivet. Som eit land, bør ein investere i det som gir den beste avkastinga for samfunnet som heilheit. Sidan dette er underkommunisert i den norske debatten, er det dette som framhevast her.

Resultata presentert i dette innlegget er henta frå mi eiga masteroppgåve, som du kan laste ned her.