Kvar heim sitt eige kraftverk

Kor lang tid tek det før dei fleste husa i bygda eller byen der du bur produserar sin eigen strøm og har eit batteri for å lagre overskotet? Og heile bustadfelt utgjer sitt eige vetle strømnett som kan forsyne husa med elektrisitet?

No kan du gjerne himle med auga og scrolle vidare, men faktum er at utviklinga innan energiverda går mykje raskare enn nokon hadde trudd. Måten me produserar og nyttar strøm kjem til å endre seg, sjølv i eit land velsigna med vasskraft kvar enn du snur deg.

Tre hovudtrekk

Tre av dei mest markante utviklingstrekka internasjonalt er prisfall på teknologi, energiproduksjon nærare brukaren og auka elektrifisering. I 2016 fall prisrekorden for solenergi utan subsidiar med 25 prosent. I Tyskland er 98 prosent av solanlegga på hustak og når det gjeld elektrifisering treng ein ikkje sjå lenger enn ut på Teslaen i garasjen til naboen. Og nett Tesla-gründar Elon Musk samlar desse tre trendane. Hjå selskapet hans kan du no kjøpe solcellar til å produsere din eigen straum, batteri til å lagre den du ikkje brukar og elbil som kan ladast på ditt eigenproduserte drivstoff.

Korleis gjer dette seg utslag her heime? Vel, me kjem diltande etter, sakte på nokre områder og langt raskare på andre. Ein nyt godt av prisfallet, men med ein liten marknad går det treigare enn i til dømes Tyskland. Det finst ingen samla oversikt over kor mange husstandar som har solcelleanlegg på taket, men anslag frå Noregs Vassdrags- og energidirektorat tyder på at det er kring 500 kundar som sel overskotsproduksjon tilbake til straumnettet. Og den samla mengda solstraum i Noreg vart firedobla i fjor.

Det norske eksempelet

Men når det kjem til elektrifisering ligg ein heilt i verdstoppen. Då verdas leiande analysebyrå innan fornybar energi nyleg arrangerte ei konferanse vart ”The Norwegian Example” peikt på for å illustrere kva som får folk til å byte ut diesel- og bensin med elektriske bilar. Og me har nok straum. I fjor hadde Noreg eit kraftoverskot på meir enn fire gongar så mykje som det trengst for å elektrifisere alle personbilar. Utfordringa kjem når alle vil lade bilen samstundes og straumnettet vert tyna til det yttarste, og kan i verste fall bryte saman.

Men gjev det meining å snakke om solenergi i til dømes Bergensområdet? Ingen skal hevde at me er vane med mykje sol, men solcellene gjev best produksjon når det er kaldt. Faktisk har dei ein idealtemperatur på minus fire grader, difor er det norske klimaet ikkje så aller verst. Rett nok har ein høgare solinnstråling på austlandet, Oslo har faktisk betre høve enn Berlin, men ein har andre fordelar i Bergen. På grunn av regnet vert solcellepanela vaska regelmessig og ein unngår partiklar som reduserar effektiviteten.

Gjennombrot i næringslivet

Fleire verksemder har teke i bruk solceller på taket av næringsbygga sine det siste året. Mellom dei Forsvarets Logistikkorganisasjon på Haakonsvern, Norgesgruppen har dei største anlegga i Noreg på ulike lagerkring i landet, Powerhouse på Kjørbo og Solsmaragden i Drammen. Nye Varden skole i Bergen vart det første prosjektet i landet som kombinerar solceller for å produsere elektrisitet og solvarme til oppvarming. Eit søk på tenesta solkart.no synes at dersom ein la solceller på heile taket til det lokale kjøpesenteret der eg kjem får kunne ein produsert omlag det årlege forbruket til to norske einebustader til ein straumpris på 66 øre per kilowattime. I fjor var gjennomsnittsprisen for hushaldningar på 91,8 øre. For med eigenproduksjon slepp du nemleg å betale nettleige og elavgift.

Ikkje langt unna

Til sist vender eg tilbake der eg starta. I Ski legg no solenergiselskapet Otovo solceller på 72 nye bustader i det som vert Noregs største solcelleprosjekt for private. På Hvaler opna landets første mikronett med 1200 m2 solceller, fire små vindturbinar og batteriløysing som gjer det mogleg å koble seg frå det offentlege straumnettet og leve som ein eigen energicelle når det trengs. Prosjektet er rigga slik at fleire sånne celler kan snakke saman og gje grunnlag for lokale energitorg for kjøp og sal av straum. Framtida er ikkje så langt unna, den er komen til Noreg og ein gong kjem den dit du bur og.

Innlegget stod først på trykk i Bygdanytt i ein litt meir lokal versjon

 

Foto: Peter Leth/Flickr